Rits kafé og vinstove søker ny Daglig leiar
Vil du driva kafé og vinbar midt på Bryne Torg? Me søker etter ein ny dagleg leiar som kan utvikla plassen vidare saman med oss (Bjørn og Jostein) og fortsetta å servera kvardagsluksus til folket.
Me er kjende for afternoon tea, heimelaga kaker og gilde arrangement som strikkekveldar, “pop-up”-middager og vinsmakingar. Me har hatt japansk omakase, fransk aften, champagnesmakingar, cidersmakingar og mykje anna gildt. På menyen har med blant anna softis, vår berømte napoleonskaka, heimelaga gulrotkaka, eplekaka og sandwichar. Opningstidene er no 10 - 16 på kvardager og 10 - 18 fredag - søndag. Og så har me ope lenger når det er arrangement.
For å søka på denne stillinga er det minst to ting som må vera på plass. Du må lika å sjå folk smila når dei smakar på maten eller vinen me serverer dei. Og, du må lika å organisera gilde arrangement. Du må rekna med å jobba litt på kveldstid i helger, men dette kjem òg an på korleis me saman orger det heile.
Arbeidsoppgåver:
-
Dagleg drift
-
Personalansvar
-
Utvikla Rits vidare
Me treng deg som:
-
Har erfaring frå serveringsbransjen
-
Er flink til å læra opp og motivera unge tilsette
-
Er sjølvstendig og ansvarsfull
-
Har interesse for matlaging, kaffi og gode smakar.
-
Har interesse for og kunnskap om vin
Me tilbyr:
-
Kreativt og faglig miljø rundt vin
-
Gilde kollegaer
-
Makt til å vera med å bestemma kva slags gilde arrangement me har.
-
Moglegheit til å setta ditt preg på Rits og utvikla plassen saman med oss andre
-
Ein fleksibel arbeidskvardag
-
Moglegheiter for deg som likar å ta ansvar
-
Medeigarskap
Rits er eigd av Bjørn Hagerup Røken og Jostein Magnussen. Begge vil vera aktivt med i utviklinga av plassen. Me er og opne for at du som daglig leiar kan eiga ein del av Rits saman med oss.
Send oss ein kortfatta søknad med kva slags erfaring du har og kvifor dette er jobben for deg innan 11.april til jostein.magnussen@gmail.com.